PS: Dette er eit langt innlegg. Det kan vere uinteressant å lese, eg har eigentleg berre skrive det til meg sjølv, sidan eksamen nermar seg. Men dersom du vil vite meir om korleis maten kan bli utrygg, så må du gjerne lese.
Mat som ikkje betraktast som helseskadeleg eller ueigna for konsum, blir ifølge matlova betrakta som trygg mat. Det er viktig at maten me et ikkje er skadeleg for oss. I dette innlegget vil eg fortelje litt om korleis maten kan bli utrygg. Her snakkar eg om mat som fører til matforgifting og matinfeksjon.
Maten kan bli forureina på tre forskjellige måtar:
1. fysisk forureining
2. kjemisk forureining
3. biologisk forureining
Fysisk forureining
Her snakkar me om "hår i suppa". Under produksjon av mat, kan det skje uhell ved at det kjem gjenstandar som til dømes hår, negler, smykker osv. Dette er sjølvsagt ikkje akseptabelt for forbrukaren. Sjølv om det ikkje er behaglege å finne gjenstandar i maten, så er det som oftast ikkje gjenstanden i seg sjølv som er skadeleg, men mikroorganismane som kan site på gjenstandane. Ein gjenstand i produktet kan varsle om at produksjonen ikkje har vore godt nok kontrollert.
Kjemisk forurensning
Dette er fremmedstoff som oppstår i maten gjennom dyrking, avling eller gjennom den ferdige vara. Det er stoff som ikkje finnest naturleg i maten. Me får i oss fremmedstoff gjennom maten dagleg, og det er begrensa kor mykje kroppen tåler. Internasjonale ekspertgrupper har fastsatt verdiar for kor mykje me bør/ ikkje bør få i oss. Desse verdiane går under navna ADI - Anbefalt dagleg inntak og PTDI - foreløpig tolerabelt dagleg/ukentleg inntak. Dei gir uttrykk for kor mykje me kan ete kvar dag gjennom heile livet utan at kroppen tek skade av det.
Visste du at dei råtne flekkane på eplene kjem av gifta patulin?
I nokre råvarer finnest det giftstoff naturleg i vara. Det finnest mikroskopiske muggsoppar som kan infisere matvarene. Desse kan skile ut giftstoff som Alfatoksiner, okratoksin A, patulin og Fusarim- toksiner. Desse navna høyrest uinteressante ut. Men dei veks faktisk på både frukt, bær og andre stivelsesrike råvarer, som har vore utsatt for skade. Som oftast tek ein ikkje stor skade av å ete dei, men ein kan bli kvalmen, og immunforsvaret kan nedsettast. I verste tilfelle, kan ein få skade på nyrene, utvikle kreft eller få redusert fruktbarhet.
Grønfargen på poteta kjem av ei plantegift, som planter utvikler som ein forsvarsmekanisme. Når poteta blir utsatt for sollys eller vanleg lampelys, danner poteta giftstoffet glykoalkaloiden solanin. Poteta danner også ekstra klorofyll. Dermed blir poteta grønn. Det er viktig at poteter blir oppbevart i lystett emballasje.
Visste du at det finnest omtrent 1000 stoff som bereknast som miljøforureinande? Og at me har omtrent 500 slike tungt nedbrytbare stoff i kroppen vår, som ikkje eksisterte før 1920? Ja, miljøgifter er helseskadelege, for mykje av desse stoffa i kroppen kan føre til kreft, forsinka intellektuell utviklin og reproduksjonsproblem. Felles for alle desse stoffa, er at dei er tungt nedbrytbare, og halvparten av dei inneheld klor. Mange av desse stoffa blir brukt i vaskemiddel, plast, maling og plantevernmiddel. Stoff som kvikksølv, krom, kobber og bly er døme på slike tungmetall. Fyring av fossilt materiale som eksos frå bilar, og gruvedrift har ført til at desse tungmetalla har spreidd seg med luft og vatn og blitt avsatt i grunnen. Plantene sug opp tungmetalla, og dermed er giftstoffa i næringskjeden vår.
Plantevernmiddel og veterinære legemiddel.
For at eplet skal bli så grønt og skinnande som mogleg, brukar bonden plantevernmiddel. Det er kjemiske eller biologiske preparat som blir brukt for at plantente ikkje skal ta skade av sopp, insekt eller ugras. Restar kan komme i maten. Dei kan vere helseskadelege for konsumenten. I tillegg kan restar av veterinære legemiddel, kome i maten. Dette kan skape allergi hos konsumenten. Heldigvis har me systematisk overvåkning av plantevernmiddelrestar i maten, og dyr som har blitt behandla med medikament, har fastsatt karantene for levering av melk.
Stoff som blir tilført eller utvikla under industriell matproduksjon
Under prosessering av mat, kan det også forekomme stoff. Eit eksempel er akrylamid som blir utvikla ved steiking av stivelsesrike matvarer. Dette stoffet kan være kreftframkallande.
Tilsetningsstoffer som blir brukt for å auke holdbarhet, konsistens eller endre smak skal være godkjent av Mattilsynet i Noreg.
Biologisk forureining
Kroppen reagerer meir akutt ved biologiske forureiningar. Bakteriar, parasitter, virus og prioner finnest naturleg i økosystemet vårt. Men i kroppen vår kan dei skape magetrøbbel og oppkast, og fleire meir alvorlege sjukdomar. Mat kan få tilført desse mikroorganismane frå hår, jord, hud, avføring hos dyr og mennesker, søle, silo osv. Som oftast kan ein sunn og frisk person som har ein tarmflora og eit immunforsvar som fungerer, klare å bekjempe desse patogene mikroorganismane på eigenhand. Men eldre og barn med lavare immunforsvar er meir utsatt for sjukdom. Om ein blir smitta avhenger også om kva for ein mikroorganisme det er, antall og kva mat den finnest i.
Bakteriar
Salmonellose |
Ein skil mellom infeksjon og intoksikasjon. Når ein patogen bakterie invaderer tarmen, blir ein utsatt for infeksjon. Det kan ta mange timar frå bakterien har etablert seg i tarmen, til sjukdommen oppstår. Denne infeksjonen er smittsom.
Intoksikasjon derimot, er giftsoff som tarmen tek opp. Gifta er som oftast danna i maten på førehand, og det kan ta under 2 timar frå ein har ete maten, til ein blir dårleg. Imotsetning til infeksjon, så er ikkje intoksikasjon smittsom.
Dei som blir smitta, får som oftast diare, oppkast og feber. Meir alvorleg er det når gifta kan spre seg med blodet til andre organ, og kan føra til lammelsar, betennelse og abort.
Alle leger som behandlar matbårne sjukdomar har den plikt å melde ifrå til meldesystemet for infeksjonssjukdommar.
Parasittar
Parasittar er skumle skapningar. Dei lev og får næring av ein vertsorganisme. Det finnest mange formar for parasittar. Frå små til veldig store synlege innvollsormar. Dei mest vanlege i Noreg er Giradia intestinalis, Cryptosporidium parvum og Toxoplasma gondii. Desse parasittane kan skape alt ifrå ubehag i kroppen til dødlegheit. Dei er svært vanskelege å oppdage, og kan dermed leve i lenge i kroppen. Ein kan bli smitta gjennom drikkevatn og mat.
Virus
Virus kan aldri formeira seg i mat. Det er svært vanskeleg å påvise virus. Dei er utruleg små organismar, som me berre kan sjå gjennom elektronmikroskop. Dei mest kjente er Norwalk som gir oppkast, kvalme og diare. Hodepine, feber og magesmerter kan også oppstå. Dei forskjellige virusa gir forskjellige symptom. Virus kan ikkje leva eller formeira seg utan hjelp av ei vertcelle.
Prioner
Dette er eit infeksiøst protein som kan overførast frå dyr til menneske, gjennom infisert mat eller for frå smitta dyr. Kugalskap og skapesyke er kjente sjukdommane frå prioner. Desse sjukdomane fører til store øydeleggingar i hjernen, og fører utan unntak til døden.
For å unngå å bli smitta av utrygg mat, kan ein gjere nokre ting for å hindre vekst av mikroorganismar. Ein kan kontrollere matvarene- mattilsynet kontrollerer frukt og grønt for innhold av miljøgifter. Kjøtt og melk må kome frå friske dyr, og melking skal gjerast på friske og reine jur. Utsyret som blir brukt skal også være reint. Kjøtt og melk må kjølast ned så fort som mogleg.
Bakteriar treng ulike vilkår for å formeire seg:
Temperatur
Fuktighet
pH
Lys
Luft
Vekstvilkåra vil variere etter kva for ein bakterie det er snakk om. Nokre bakteriar trivst i varme, medan andre trivst i kulde. Nokre formeirar seg best når det er tørt, medan andre trivst best i fuktighet. Ved konservering og varmebehandling av matvarer, kan ein hindre bakterieveksten
Temperaturbehandlig er eit døme. Bakteriar har ulike temperaturgrenser for overleving og formeiring. Mange patogene bakteriar trivest godt ved 37 grader. Ved å kjøle maten raskt ned, kan ein hindre bakterievekst og utvikling av toksiner. Mange patogen bakteriar trivest godt ved 10-40 grader. Ved oppvarming til 50 grader, hemmer eller dør nokre av dei patogene bakteriane. Men det går langsomt. Ved høgare temperatur, vil bakterianeveksten bli senka betraktelig. Dermed blir melk pasteurisert ( varmebehandla ved 72 grader i 15 sekunder), rett og slett for å drepe patogene bakteriar. Men ikkje alle bakteriane blir drepe. Men bakteriar er så smarte at dei dannar sporar som kan overleve straks temperaturen blir senka igjen. Dersom ein varmar opp matvara i 121 grader i 15 minuttar, vil sporane bli eliminert. Holdbarheten til denne vara blir dermed auka. Også ved svært kalde temperaturar, som ved frysing, så vil bakterieveksten bli senka. Men straks vara blir tint igjen, vil bakterieveksten starte igjen.
Ved tørking, salting og røyking av mat, tek ein bort ein av vekstfaktorane til bakteriane, nemleg fuktigheit. Ein må hugse på at det finnest unntak. Nokre bakteriar overlever tørke, så straks det blir tilført væske i maten, kan desse patogene bakteriane formeire seg igjen. Røyking av kjøtt og fisk hemmer også bakterieveksten.
Syrning
Mange patogene bakteriar trivest godt ved nøytral pH. Ved å tilsette syre i matvarer, kan ein hindre bakterievekst. Tildømes ved sylting av rødbeter og agurk.
Bestråling
Bestråling kan øydeleggje bakterien sitt DNA. Dermed kan ikkje bakterterier formeira seg lenger. Denne metoden blir brukt til å sterilisere krydder.
I tillegg til desse konserveringsmetodane er det viktig med
God hygiene på kjøkkenet.
God hygiene på kjøkkenet.
- Vask alltid henda godt, både før, under og etter matlaginga. Dårleg handhygiene er den største smittekjelda.
- Ha reine klede og strikk i håret.
- Bruk reine klutar til å vaske benken. vask benken ofte. Vaskekluten er også ei stor bakteriebombe, så hugs å byt klut ofte. Bruk også desinfeksjonsmiddel på benken etter matlaging.
- Hugs å vask grønnsakene godt, få bort all jordrestar.
- Hugs at kjøtt og grønnsaker ikkje skal blandast. Bruk forskjellige skjærefjøler.
- Er du sjuk bør du ikkje lage maten.
- Kverna kjøtt, som i kjøttdeig, hamburger og pølser må være gjennomsteikt, sidan kverna kjøtt har mange overflater, og inneheld bakteriar i heile massen.
- Hold meieriprodukt kalde, og bruk ikkje melk som lukter surt. BIola, rømme og anna fermetert melk, har lenger holdbarheit.
- Avkjøl varm mat så raskt som mogleg før du tek den inn i kjøleskapet.
Meir om ulike bakteriar kjem seinare.
Ha ein god søndags aften!