Nam!

Mat er eit enormt stort tema. Uansett kor mykje ein lærer om mat og ernæring, blir ein aldri utlært. Faget er så stort at det tek ikkje ende. Tenk deg berre kor mange forskjellige kulturar som finnest! Alle nasjonar har sine spersialitetar. I tillegg så flyt det så mange meiningar og tankar om den ernæringsmessige delen om maten. Mat er så spanande! Hugs å nyt den!

mandag 11. november 2013

Første eksamen- Julebord

 
 
 
Ja, no har eg endeleg bestått første eksamen på universitetet. No er det berre to eksamenar igjen, ein avkryssningseksamen og ein 4 timars skriftleg eksamen. Den første er iallefall bestått, og det er så deilig å tenkje på!
Dette var ein praktisk eksamen på kjøkkenet. Me fekk i oppgåve å arrangere eit julebord, der me skulle invitere gjester ( maks 8)  itillegg til 4 stk frå klassen. Til julebordet skulle me forberede forrett, hovudrett, dessert, 2 julekakesortar, ei sjølvlaga drikke og eit sunt alternativ. Me skulle også lage underhaldning og sjølvsagt pynte bord.
Me var fire stk på bordgruppa vår, og me bestemte oss for å invitere 5 gjester frå blåkors. Det første me måtte bestemme oss for, var menyen, fordi me måtte halde oss innen eit budskjett på 1300 kr. Så alle matvarene måtte bereknast, noko som kanskje var den mest utfordrande delen. Me bestemte oss ganske fort for at me ville ha pinnekjøt til hovudrett, sidan dette stort sett lagar seg sjølv, og fordi mange av oss syntest at dette var ein fin julemiddag. Forretten var litt vanskelegare å bestemme seg for, sidan dei fleste ikkje lagar forrett til julemiddagen.  Me kom til slutt fram til at me skulle lage heimelaga potetkaker, fyllt med røykt aure, ferskost, ruccola og raudlauk. Til dessert enda me opp med karamellpudding. Krumkaker og kakemenn vart dei utvalgte kakesortane, og gløgg og smoothie som eit sunt alternativ. Altså slik såg menyen ut
 
Meny
Gløgg, mandlar, rosiner
*
Potetkaker, ferskost smaksatt med persille og kvitlauk, ruccola, raudlauk
*
Pinnekjøt, rotstappe, kokte poteter, tyttebærsyltetøy
*
Karamellpudding, fløyte, sitronmelisse
*
Kakemenn, krumkaker, aroniasmoothie
 
Mykje planlegging måtte til. Me måtte finne alle oppskriftene og rekne kostnadane på det me brukte. Dette tok litt tid, og det var også vanskeleg å finne ut kor mykje pinnekjøt me kunne kjøpe. Først trudde me at pinnekjøtet ville sprenge heile budskjettet, men me klarte omsider å finne passande mengde, og kilopris.
Heldigvis fekk me forberede alt me ønskte på førehand, slik at me slapp å lage alt på eksamensdagen! Så på fredag den 1. novemer, byrja me å lage krumkaker, kakemenn, potetkaker og brente mandlar. Det gjekk nesten fint, men potetkaken vart ikkje vellykka. Dei var alt for seige, så me måtte laga nye på tirsdagen.
 
På tirsdag laga me karamellpuddingen, ferskosten, rotmosen, gløggen og nye potetkaker. Denne gangen blei potetkakene mykje betre. Me hadde i mindre mjøl, slik at kakene akkurat kunne kjevlast ut.
På torsdagen, sjølve eksamensdagen, var nesten alt som kunne gjerast klart, ferdig. Me møtte opp kl. 9 på kjøkenet, der me fann fram alle serveringsfat, tallerkenar, bestikk, dukar og pynt. Me dekka bordet heilt klart slik at me slapp å stresse med dette rett før gjestene kom. Bordet blei ganske fint synest eg. Med konglerjulekuler og fint bretta serviettar. Sjølv er eg ikkje flink til å bretta serviettar, så det måtte dei andre ta seg av. Me sat pinnekjøtet på kok, laga ferdig forrett og dessert. Mange små detaljar måtte gjerast klart, lt måtte sjå fint ut og smakast til. Kl. 15.30 måtte me pynte oss med festklede, før gjestene kom kl. 17. Eg var veldig nervøs før dei skulle koma, slik eg alltid er. Me stod klar med gløgg til velkomstdrikk, utanfor kjøkenet.
Me vart svært overraska då gjestene (fire kara og ei dame) kom med rose til oss alle. Dette hadde me ikkje forventa. Det virka som om dei gleda seg til å kome å få eit godt måltid servert. Me sat oss til bords, og me presenterte oss sjølve, og maten me hadde laga. Det var god stemning rundt bordet, med roleg julemusikk i bakgrunnen, og julepynta rom. Dei ukjende gjestene såg ut til å kose seg med maten! Mellom målida hadde me ein pakkelek, som gjekk ut på opne en pakke med kniv og gaffel, saman med musikk. Når musikken stoppa, måtte dei sende pakken til nestemann. Akkurat som stolleken. Den som klarte å opne pakken, fekk den til slutt. Dette var ein kjekk lek, og alle deltok. Me avslutta kvelden kl. 20.00 etter me hadde spelt gruble. Gjestene frå blåkors  var veldig takknemlege for at dei fekk kome.
Me hadde no vore på skulen i 12 timar, så me var godt utslitte. Me bytta ut julemusikken med "The Fox" straks gjestene var gått, og feira at me hadde bestått eksamen!







1 kommentar:

  1. Flink du Inga! Både artig og spennende å lese:)) Keep it up!

    SvarSlett