Då er eg igang med mitt sommermål! Eg starta denne veka med "Tour de France"-målet mitt her nede i Kristiansand. Heilt hærlig ver her nede med sol, varme og det er nesten alltid vindstilt. Eg blir jo bortskjemt når det gjelder vær og temperatur, kjem til å bli utfordrande å kome heim til Bømlo med mykje vind og regn! Men men...
I alle fall 3656 km er jo ganske lang, så det hadde vore utruleg kult å klare å gjennomføre denne utfordringa! Tenk at det er omlag 1000 km lenger enn det Noreg er på langs!
Kvifor skal eg utsette meg sjølv for dette?
1. Dette skuleåret har eg vore svært lite aktiv, og treng eit mål for å begynne med fysisk aktivitet igjen.
2. Eg saknar å sykle, siden eg dreiv ein del med det for nokre år sidan, og eg treng eit par mil på beina for å kome meg i sykkelform igjen. Å bruke lange strekninger og ha eit konkret mål, vil gjere sykkeltreninga enda kjekkare.
3. Eg har innsett dette året at trening er meir enn berre fokus på utseende. Å trene og halde seg i god fysisk form, vil minske risikoen for å få diabetes, hjarte og karsjukdomar, kreft, osteoporose og itilleg gi meg mykje energi til det eg skal utføre i løpet av dagane. Eg føler meg glad og positiv når eg trenar. Spesielt ute i naturen med vakre omgivnadar, frisk luft og forhåpentlegvis SOL.
4. Eg synes det er skummelt å delta i konkurransar og ritt, og eg håpar at ein betre fysisk form kan hjelpe meg til å tørre å delta i ritt.
5. Kvifor ikkje gjere noko som er riv ruskande hakkande sprøtt?! Kjekt å utfordre seg sjølv, og sjå kva ein kan klare!
Eg har altså starta denne veka og reknar med å vere ferdig innan 10. august.
Ps. Eg kjem sannsynlegvis til å leggje ut naturbileter som eg brukar å ta, siden eg ser så mykje fint når eg er ute å syklar. Her er bilete av ein vakker svaneprinsesse i Kristiansand: