Denne veka har eg hatt 4 sykkelturar:
På mandag, fredag og søndag denne veka har eg sykla den same løypa. Den går rundt vatnet her eg bur i Kristiansand. Løypa er på 28 km, men eg brukar å sykle nokre rundar i nærleiken slik at eg endar opp med 40 km. Dette er ei svært idyllisk løype med vatn, vakker natur med store blomsterenger og ei stor fin sandstrand i Hamresanden.
På torsdag hadde eg min første langtur, det har eg ikkje hatt på lenge! Då bestemte eg meg for å sykla til Grimstad. Turen var smertefri dei første 8 mila, men på dei siste mila kjente eg at eg verka litt i skuldrene, ryggen og baken. Etter 110 km var eg heilt mør i beina. Men det må eg berre bli vant med, siden eg har planar om å ha minst ein slik langtur kvar veke.
Tilsaman denne veka har eg altså lagt 230 km bak meg, som vil seie at eg har: 3656 km- 230 km = 3426 km igjen! JIPPI!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar