- ha brei kunnskap om mat, matens innhald og dens betydning for individ og samfunn
- ha brei kunnskap om grunnleggande ernæring
- redegjere for korleis kosthald er relatert til helse
- ha kunnskap om ernæringsutfordringar i ulike grupper
- ha kunnskap om mattryggleik og mat som råvare
I Ernæring og helse (ERN100), lærer eg generelt om kva maten er samansatt av, i forhold til næringsstoff, og korleis desse næringsstoffa blir teken opp i kroppen, og kva for ein funksjon dei har. Dette faget synest eg er interessant, og eg lærer mykje nytt om kroppen og korleis energien og næringsstoffa i maten gir oss energi og andre funksjonar som er livsviktige.
I Praktisk mat og kultur ( ERN102) får me sjølv eksperimentera og lære å lage tradisjonell mat på kjøkkenet. Me lagar mykje god og sunn mat. Me har allereie fått våras første "prøve" på kjøkkenet, der me skulle lage middag til ei spesiell målgruppe. Eg trakk oppgåva "Fisk for ungdom". Det var lærerikt og spanande. Resultatet fra klassen var overraskande bra, mange kreative og smakfulle rettar!
Det siste faget heiter Matvarekunnskap (ERN111). Dette faget har eg ikkje hatt så mange forelesningar i enda. Men det handlar om matens ernæringsmessige kvalitet, mikrobiologi, matvaremerking, matvaretabellen og korleis me brukar "Mat på data" som eit hjelpemiddel i utrekning av næringsstoff i maten. Me har fått utdelt oppgåve i dette faget også. Eg og ei klassevennine samarbeider om å forske på eit ferdigprodukt i butikken. Målet med oppgåva er å forbetre eit produkt ernæringsmessig. Her valte me å forbetre ein av Wasa sine müslibarer. Dette er interessant, men samtidig krevjande.
Her er maten eg laga på første prøva. Enkel, men grei mat som ungdomen sjølv kan lage :)
Hovudrett: Ovnsbakt laks, grønnsaker og båtpoteter. Dessert: Pannekaker, eplekompott og friske bær.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar