Energi er som kjent evna til å gjere arbeid. Alle celler i kroppen treng energi for å utføre oppgåvene sine. Kroppen vår er altså avhengig av energi for å fungere. Denne energien får me tilført fra mat og drikke.
Kroppen bruker energi til
- å halde rett kroppstemperatur (varme),
- energi til musklane slik at me kan bevege oss),
- kjemisk energi som er energien mellom kjemiske bindingar eller
- eletrisk energi ( potensialforskjeller i nerveceller).
Energien i maten kjem fra sola. |
Den kjemiske energien som ligg i bindingane i cellene blir brote opp, og då blir energien overført til varme, og til molekylet adenotrifosfat (ATP). Til denne prosessen trengs det oksygen. Videre blir den kjemiske energien i ATP overført til ulike former for arbeid i cellene. No blir energien frigitt og omgjort til adenodifosfat (ADP). Deretter blir ADP bygd opp til ATP igjen og kan frigjere energi atter ein gong. Ein kan med andre ord sei at når ein et mat, får me energi fra dei energigivande næringsstoffa ved hjelp av ATP.
Mange frykter kalorier, og meiner at dette er noko aldeles negativt. Men når ein spør desse personane kva ein kalori eigentleg er, kan ein få mange kreative svar. kcal er den gamle måleeinheten til energi. Det er ikkje noko ein treng å frykte, kroppen treng tross alt energi eller kalorier for å fungere. No blir energi målt i joule. Dette er den internasjonale einheten som skal brukast.
- 1 kJ = 1000 joule
- 1 MJ = 1000 kJ
- 1 kcal = 4,184 kJ
- 1 kJ = 0.239 kcal
1 g protein = 17 kJ ( 4 kcal)
1g karbohydrat = 17 kJ ( 4kcal)
1 g fett = 37 kJ (9 kcal)
1 g kostfiber= 8 kJ (2 kcal)
1 g alkohol = 29 kJ (7 kcal)
Slik kan ein rekne ut kor mykje energi maten ein et inneheld dersom ein veit kor mange gram av kvart næringsstoff maten inneheld.
Helsemyndighetene anbefaler kor mykje energi dei ulike aldersgruppene treng i løpet av dagen for at kroppen skal vere i energibalanse, altså at kroppen får tilført like mykje energi som den bruker. Dei gir også anbefalingar på kor mykje av kvart energigivande næringsstoff kroppen treng:
Protein: 10-20 Energiprosent (E%)
Fett: 25-35 E%
Karbohydrat: 50-60 E%
Den totale energiomsetninga
Kroppen brukar energi både når ein kviler og er i aktivitet. Korleis energien blir brukt og omsettest i kroppen blir kalla den totale energiomsetninga. Dette inkluderer Den basale energiomsetninga (BMR). Den basale energiomsetninga er den energien kroppen bruker i termonøytrale omgivingar. Dette er omgivelsar der personen er liggjande og i mental og fysisk kvile, ikkje er for varm eller er for kald og ikkje har ete dei siste 12 timane. I denne tilstanden bruker kroppen energi til å opprettholde kroppstemperaturen, og til å halde dei ulike indre organane i arbeid. Dette basale stoffskiftet utgjer ca. 2/3 av den totale energiomsetnaden. Men det varierer sjølvsagt med alder, kjønn og kroppsstorleik. Det finnest måtar for å rekne ut kor kva for ein BMR ein har.
Kroppen bruker 10% av energien til å fordøye måltid. Dette blir kalla matens termogene effekt.
Kroppen bruker mykje energi i til fysisk aktivitet. |
Fysisk aktivitet er den faktoren som har størst variasjon i forhold til den totale energiomsetnaden. Dette på grunn av at aktivitetsnivået til kvar og ein person varierer svært mykje. Ein kan rekne ut den totale energiomsetningen ved å multiplisere BMR med ein aktivitetsfaktor (MET).
Kroppen er i energibalanse når den får tilført like mykje energi frå mat og drikke som den bruker til den totale energiomsetnaden. Dersom kroppen er i energibalanse, vil vekta haldest stabil. Dersom kroppen får tilført meir energi fra maten enn det den brukar, vil vekta gå opp. Dersom kroppen får tilført mindre energi enn den brukar, vil kroppsvekta gå ned. Å ha energibalanse og stabil kroppsvekt er positivt i høve til å minske risikoen for livsstilssjukdomar som hjarte- og karsjukdomar og diabetes.
Det finnest forskjellige utrekningsmåtar for å finne ut om ein har rett kroppsvekt i forhold til høgd. Ein kan bruke BMI (KMI) = Kroppsmasseindeks. Men dette er ei unøyaktig måling fordi her målar ein ikkje kor mykje av kroppsmassen som består av fett, og kor mykje som består av muskelmasse. Dermed kan ein eliteutøver med mykje muskelmasse bli kategorisert som øvevektig på grunn av mykje muskelmasse. og dette er jo ikkje korrekt. Eit meir nøyaktig målingsmetode er å måle livvidda. Her skal livvidda til voksne damer vere under 80 cm, medan 94 cm hos menn, for å klassifisere dei som normalvektige.
Det er mykje meir eg kan skrive om energi. Det viktigaste ein treng å vite er at energi frå maten er livsviktig for at kroppen skal fungere, for at hjarta skal pumpe, lever skal bygge opp organiske stoff, nervesystemet skal sende ut eletriske impulsar, eller rett og slett for at cellene skal kunne utføre arbeid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar