I dag var eg på "skogstur" med klassen. Mange og smakfulle rettar vart tilberedt på stormkjøkken og i bålpanne. Me laga fire forkjellige variantar av pinnebrød, av same grove grunndeigen. Ein deig med skinke og purrelauk, ein med forskjellige frø, ein med urter, og ein med kanel, sukker og rosiner. Desse var svært gode, eg likte den med skinke og purrelauk best. Me laga også soppsuppe, med forskjellige grønnsaker. Denne var svært smakfull. Me steikte brosmefiletar med urter i folie og pytt i panne til hovudrett. Til dessert hadde me sveler med blåbærsuppe, og epler i folie. Alt var veldig godt og delikat. Oppskriftene og fleire bileter kjem snart!
|
4 forskjellige variantar av pinnebrød på same pinne :) |
|
Pinnebrød med skinke og purrelauk, nam! |
|
Her står grønnsakene til soppsuppa å godgjere seg i steikepanna. |
|
Sveler med blåbærsuppe, knuste blåbær og rømme |
|
Eple i folie med kanel, mandlar og rosiner |
|
Pytt i panne med kylling og rotgrønnsaker. |
|
Fisk i folie med friske urter |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar