Nam!

Mat er eit enormt stort tema. Uansett kor mykje ein lærer om mat og ernæring, blir ein aldri utlært. Faget er så stort at det tek ikkje ende. Tenk deg berre kor mange forskjellige kulturar som finnest! Alle nasjonar har sine spersialitetar. I tillegg så flyt det så mange meiningar og tankar om den ernæringsmessige delen om maten. Mat er så spanande! Hugs å nyt den!

søndag 22. september 2013

Vitaminer- Livsviktige næringsstoff!

Kva er eit vitamin?


Eit vitamin er eit organisk stoff som er nødvendig for omsetninga av karbohydrat, fett, og mineralstoff. Vitamin styrker immunforsvaret, sørger for normal forsterutvikling og kan kanskje være forebyggje kreft. Sjølv om læren om vitamin er ung vitskap, fann ein tidleg ut at sjukdommar som skjørbuk måtte ha ein samanheng med kosten. Denne sjukdommen oppsto hyppig hos sjøfolk som hadde begrensa tilgang til variert mat. I 1747 oppdaga marinelegen James Lind at sitron hjalp mot skjørbuk. Slik oppdaga ein altså vitamin.

Ein kan dele vitamina inn i to grupper: vannløyselege (B og C) og fettløyselege (A,D, E og K).

Vitamin A

Kva er vitamin A?
Det er ein beteikning på fleire forbindingar. I kosten er vitamin A til stades som karotenoid (grønnsaker og frukt) og retinylester ( i animalske matvarer). Karotenoid og retinylester blir omdanna til retinol i tarmen, som fungerer som den aktive formen av vitamin A i kroppen.

 

Kvifor treng me vitamin A? 

  • Vitamin A er særs viktig for mørkesynert. Eit stoff i dei lysfølsomme cellene som blir kalla staver, gjer slik at me kan sjå i svakt lys. Rodopsin, er samansatt blant anna av vitamin A. Vitamin A må jevnleg tilførast for å unngå nattblindhet.
  • Vitamin A er også viktig for vekst og beindanning. Redusert vekst kan oppstå ved vitamin A mangel.
  • Vitamin A er viktig for slimproduksjon, slik at slimhinner holdes heile og infeksjon i slimhinner ikkje oppstår.
  • Vitamin A er viktig for fosterutviklinga, fordi retinsyre ( vitamin A) styrer utviklinga av blant anna deler av hjernen, ryggmarg, ansikt, hjarta og skjelett. 



Kva må eg ete for å få i meg vitamin A?
 Dei fleste veit at gulrot er rik på betakaroten. Ein finn også karotenoid i andre grønnsaker, særleg i mørkegrønne og orange grønnsakene, som aprikos, rosenkål, paprika, spinat og melon. 
Lever, egg, feit fisk, margarin og meieriprodukt er også ei god kjelde.

Kor mykje vitamin A treng eg? 
Kvinner bør ha eit inntak på 700 RAE og menn eit inntak på 900 RAE. Og omlag 300 -600 RAE til barn. (Vitamin A blir målt i retinolekvivalent, RAE.) 
Maks inntak per dag er 3000 RAE.
1000 RAE tilsvarer innholdet i ca 250g gulrot, 500g egg, 25g leverpostei eller 20g tran.

Kva skjer dersom eg får for lite vitamin A?

Mangel på vitamin A, er definert som eit folkehelseproblem i over 120 land. Mangel har ført til redusert vekst, nedsatt syn, blindhet og økt dødlighet. Alvorleg mangel kan føre til inntørking av slimhinna og hornhinna i auga. Dette blir kalla for xeroftalmi. Ein kan behandle dette i tidleg stadium med tilskudd av vitamin A. Kvart år får 5 MILLIONAR barn i u-land xeroftalmi, og 500 000 blir blinde! 

Kva skjer med  kroppen dersom eg et for mykje vitamin A?  
Vitamin A blir ikkje skilt ut i urinen, men lagra i kroppen i lever og fettvev. Ved kronisk høgt inntak, kan ein få for mykje. Dette kan føre til forgiftningssymtom som t.d reaksjon på sentralnervesystemet og hud eller slimhinner, hudepine, oppkast, ledd og knokkelsmerter. Ved altfor høgt inntak ved graviditet, kan misdanning hos foster forekomme i auge, lunger, hjarte og kjønnsorgan. Redusert beintetthet er også assosiert med for høgt inntak. Lever er den største realistiske risikoen for 
forgiftning. 


NB! For høge doser av vitamin A, gjeld berre for Retinol (fra animalske produkt), men ikkje karotenoider i grønnsaker. Så ein kan ete mykje grønnsaker utan fare for for mykje A vitamin. Men ein orangefarge i huden kan forekomme, men det er ikkje farlig, det vil gå vekk når ein senker A vitamin inntaket.

Bildene er henta fra:
http://www.fedon.no/Enda+en+god+grunn+til+%C3%A5+spise+spinat.9UFRLI2n.ips 
http://www.dagbladet.no/2012/11/08/tema/god_torsdag/helse/kosthold/24252257/
http://www.sansetap.no/smabarn-syn/om/nedsatt-synsfunksjon/arsaker/oyerelaterte-synsvansker/
http://www.med.uc.edu/departme/cellbiol/ecm.htm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar