Kva er eit mineral?
Mineral er uorganiske stoff som er livsviktige for kroppen vår. Mineral finnest i jordsmonnet, og plantene tar opp desse næringsstoffa, og gjer dei tilgjengelege for dyr og menneske. Omtrent 4 % av kroppsvekta vår består av mineral og sporstoff. Kroppen produserer ikkje mineral sjølv, så me treng jevnleg tilførsel av mineral gjennom kosten for at kroppen skal fungere.
Mineral og sporstoff
Forskjellen mellom mineral og sporstoff er at mineral finnest i større mengde i kroppen vår, og me treng større tilførsel fra maten. Dersom det finnest mindre enn 4 gram av stoffet i kroppen, eller at anbefalt daglig inntak er mindre enn 100 mg, blir dette kalla for sporstoff sidan det finnest så lite av stoffet i kroppen. Dømer på mineral er kalsium, fosfor, magnesium, kalium, svovel, natrium og klor. Dømer på sporstoff er jern, sink, krom, selen, kopar, og jod.
Mengden mineral som finnest i mat er avhengig av korleis jorda maten vart dyrka i er. Jordsmonn, gjødsel og fôrsamansetninga har mykje å seie for korleis innhaldet i plantene vil vere. Dersom jordsmonnet er fattig på selen, vil kornet også bli selenfattig. Maten sitt innhald av mineral og sporstoff heng også saman med den industrielle bearbedinga av maten.
Kalsium- Skjelettets beste venn!
Kalsium er det mineralet det finnest størst mengde av i kroppen. Kvinner har omtrent 1000 gram kalsium, medan menn har 1200 gram kalsium.
99 % av kalsiumet i kroppen, er bunden saman med fosfor, og finnest i skjelettet og tenner, dette fungerer som eit lager for kalsium. Resten av kalsiumet blir kalla mobilt kalsium og det har livsviktige funksjon som sentraloverføringar og enzymreaksjonar. Kalsium finnest i ekstracellulær væske, i blodet og i alle cellene i kroppen vår. Kalsium inngår også i blodkoaguleringsprosessen. Det er viktig med ein jevnleg tilførsel av kalsium fra maten, fordi mobilt kalsium vil bli redusert, og dersom det går tomt, vil det tære på skjelettet.
Kalsium er altså viktig for:
- Oppbygging og vedlikehold av skjelettet og tennene
- Koagulering av blodet
- Enzymreaksjonane
- Regulering av muskel og nerveaktivitet
Osteoporose
Visste du at Noreg har eit svært høgt antall med kvinner som får hoftebrot? Omtrent 20 000 - 30 000 av beinbrota kvart år i Norge, kjem av osteoporose. Omtrent 100 000 kvinner lider av osteoporose. Osteoprorose eller beinskjørhet er ein skjelettsjukdom som har ein høg risiko for beinbrot. Osteoporose har ein klar samanheng med for lite kalsium.
Her kan du sjå foskjellen på beintettleiken hos ein frisk person og ein med osteoporose. |
Ein meinar at årsaken til denne lidelsen kjem av for lite kalsium, men det kan også vere andre faktorar som spelar inn, til dømes for lite D vitamin, inaktiv, østrogen, testosteron, vitamin K og frukt og grønnsaker.
Risikofaktorar som ikkje kan påverkes:
- Kvinner- er meir utsatt enn menn
- Alder- Beintettheten minkar i løpet av åra.
- Tidlegare brot
- Arvelegheit
- Høgde- Høge kvinner har høgare risiko for brot
- Sjukdomar - Cøliaki og Crohns reduserer opptak av næringsstoff
Risikofaktorar som kan påverkes:
- Røyking- reduserer beintettheten
- Høgt alkoholforbruk- Risikoen for hoftebrot blir større
- Lite sol- D- vitamin fra sola er viktig for kalsiumabsorbsjonen.
- Fysisk inaktiv
- Lav beintetthet
- Lav vekt, vekttap eller vektsvingningar
- Kortisonbehandling- dagleg inntak over lenge tid vil redusere beintettheten
- Økt risiko for fall
Korleis det kan ha seg at Norge har eit så stort antall med kvinner som får beinbrot grunna osteoporose, då Noreg er eit av dei landa det drikkes mest melk? Dette er eit spanande forskningsfelt.
Kor mykje kalsium blir teken opp?
Kroppen avgjer kor mykje kalsium som blir absorbert fra maten me et. Dersom me har eit kosthald med mykje kalsium, vil kroppen ta opp omlag 20-30%. Men dersom kosten inneheld mindre kalsium, vil kroppen absorbere meir, omtrent 70 %. Dersom behovet er stort, vil tarmen altså absorbere meir kalsium.
Vitamin D har ein sentral funksjon når det gjeld opptak av kalsium. Dermed er det altså viktig å få tilført nok D vitamin, slik at kalsium blir absorbert. Her i Noreg har me mindre tilgang til sollys, dermed er det viktig å få tilført D vitamin via kosten. Det får ein fra til dømes feit fisk og tran. Det er svært viktig å oppretthalde balansen av kalsium i kroppen, ettersom kroppen skil ut kalsium gjennom avføring, urin, svette og hud og ammende kvinner skil ut fra morsmelk.
Anbefalt inntak
Voksne over 18 år: 800 mg pr dag
Unge 10-17 år: 900 mg pr dag
Barn: 540- 700 mg pr dag
Kva matvarer er rik på kalsium?
Melk og melkeprodukt er ei god kjelde til kalsium, ettersom me brukar det mykje i det norske kosthaldet. Men dersom du ikkje tåler melk, kan du også få i deg kalsium ved å ete egg, brokkoli, mandlar, sardiner eller sesamfrø.
1 dl melk inneheld 100 mg kalsium.
I følge melk.no kan du dekkje det daglege behovet ditt med kalsium ved å drikke/ ete 3 prosjonar melk eller melkeprodukt til dagen. Ein porsjon tilsvarer eit beger med yoghurt, 1 glass melk eller to skiver ost.
Bildene er henta fra:
http://www.melk.no/helse-og-livsstil/melkeallergi/melkeallergi-eller-laktoseintoleranse-hva-er-forskjellen/
http://www.familieoghelse.no/helse-velvere/fysisk-helse/hvor-mye-kalsium-trenger-kroppen
http://selfmatters.nl/osteoporose/
http://www.touristphoto.no/ku.htm
Andre kjelder:
Opplysningskontoret for melk: www.melk.no